Velkommen til Ola Fisketjøn AS

– ei tradisjonsrik entreprenørbedrift frå Suldal

Ola Fisketjøn AS

Ola Fisketjøn as er ein tradisjonsrik liten entreprenør i Suldal. Me tek på oss oppdrag innan graving, sprenging og massetransport.

«Me finne nok ei løysing»

Bilete av Dag Fisketjøn

Det kan kanskje verka litt traust, men for oss er det viktigare å kunne tilby ein stabilitet ovanfor kundane våre i staden for å rasa over mest mogleg. Det er nok det som gjer at me ikkje vil bli større enn det me no er. Familieverksemd har namn og til dels logo som har vore i Suldal i 60 år, og det trur me er eit teikn – og symbol – på kva me står for. Me vil gje deg som kunde ei føling av å verta teken vare på og å få løyst det du ynskjer.

Dag Fisketjøn, dagleg leiar

Om oss

Me vil gi våre kundar eit ferdigprodukt som skal tena kunden, men ikkje minst som me skal vera stolte over. Dette gjer me ved å finna løysingar i lag med kunden.

Maskinparken er ein kombinasjon av nye produksjonsmaskinar og spesialmaskinar. Dette gjer at me kan ta på oss eit bredt utval av prosjekt.

Me er medlem av MEF og har vore det sidan 1972, noko som me ser på tryggleik både for oss, våre tilsette og våre kundar. I tillegg har me sentral godkjenning og godkjenning frå Sellicha til arbeid for Statkraft, Hydro og andre kraftselskap.

I dag er det 4 heiltidstilsette og 1-2 innleigd/deltilsett. Som referanseprosjekt vil me visa til div. hustomter, opparbeiding av privat avlaupsanlegg og nybyggjinga for Veka Kraft AS. Utover det har me kontraktar med både Suldal kommune og Statkraft.

Historia

I 1957 kjøpte Ola Fisketjøn sin første Nuffield med frontlastar og starta med arbeid i nærmiljøet. Utover 60- talet kom kraftutbygging (RSK/Hydro) i kommunen og ein fekk der i oppdrag med både graving og transport. Vidare kom Ulla-Førre-utbygginga og oppdraga auka.

Broren Nils Paul kom inn på 70-talet med bakgrunn frå Odda kommune, og ein styrka seg på det tekniske. Dette gjorde at me kunne ta på oss større kommunaltekniske oppdrag. Utover 90-talet kom sønene inn, og i 2002 vart drifta overført til Ola Fisketjøn AS som Ola og dei tre sønene eig saman.

No driv dei tre sønene vidare og har kompetanse/fagbrev som gir Tiltaksklasse 2.